Mitt kjøkken
Mat er viktig for alle menneske. Me treng næringsstoff og energi for å leve. Men det er ofte slik med oss menneske, at dei opplevingar og gjeremål som gjentek seg vert rutineprega og kjedelege. Det kan gå lenge mellom kvar gong ein lagar, eller et eit måltid med humør, glede og lyst. Mange gjer det kjedelege enda meir kjedeleg, ved å lage og ete dei same rettane – ofte.
Du har kanskje funne rettar som er enkle og kjappe å slenge saman etter ein lang dag på jobb? For å sleppe å tenke for mykje over kva du skal ete, kva du skal handle inn og korleis du skal lage det – så gjentek du deg sjølv gong på gong. Kanskje er det dagar innimellom der du rett og slett ikkje lagar mat, men berre nappar med deg noko frå butikken som er ferdig og klart til å varmast opp?
Eg har og hatt det slik i periodar – men eg veit at du med enkle grep kan bryte mønsteret.
På mange måtar er det med mat som med eit samliv. Dersom ein ikkje gjer ein innsats for å fylle dagane med glede og smil, så visnar me sakte. Eg kom til å tenke på dette, då eg las oppskrifta til ein rett som heiter Amorspudding i gomes gamle kokebok. Amorspudding høyrtes spanande ut og eg smilte litt for meg sjølv da eg fekk tyda handskrifta.
Amorspudding
1 kg kjærleik
1 kg truskap
1/2 l elskov
Tilsett med passeleg ømheit
Kyss etter behag.
Serverast i dunkel belysning – kun for to personer.
Dette skreiv gome som ung jente i 1924. Ei ungjentes hjarte dunka ikkje så mykje annleis for 100 år sidan enn i dag, sjølv om uttrykksforma har endra seg noko med tida.
Eg trur att gome i sin ungdom krinsa inn på noko heilt grunnleggande både kva gjelder forholdet med den vi har kjær, og forholdet til maten vi et i kvardagen. Det handlar nemleg om å fylle dagane med noko som betyr noko. Det handlar rett og slett om å finne dei rette ingrediensane. Mat kan vere kjedeleg, men det kan og vere spanande, inspirerande og fantastisk.
Når det vert moro å lage mat, vert og maten betre – og eg veit at det er mogleg å gjere den kvardagslege innsatsen på kjøkkenet engasjerande for heile familien.
Eg ynskjer at dykk på nært hald skal få oppleve den kunnskapen og matgleda som ligg i det å kome i kontakt med råvarene, og eg håpar at dykk skal verte inspirert til å gjere det same sjølv. Det handlar på ein måte om å søkje tilbake til røtene, til det opphavelege, til grunnfjellet. Me har alt for lenge vorte sløva av frossen pizza, suppeposar og TexMex. Naturen og livet byr på så mykje meir.
Ta deg ein tur i skogen, på fjellet eller ut på sjøen saman med familie eller gode vener. Jakt, plukk, sank, fisk og tak det med heim. Lag god mat fra botnen av og gled deg over maten saman med hyggjelege folk. Skap smakar og augeblink som du alltid vil minnast. Prøv ut ting du ikkje trur du fiksar. Gjer feil og lær av det. Du kjem til å ha det gama heile vegen. La maten få ein verdi i livet ditt – eg er sikker på at du ikkje vil angre!
Eg elskar mattradisjonane eg er vaksen opp med, men tykkjer og det er spanande med nye smakar. Noko av det mest spanande eg veit er å få utfordre smakslaukane med retter og råvarer eg ikkje har smakt før.
Men matinteressa mi stikk eigentleg mykje djupare, eller det vil seie; den startar mykje tidlegare i prosessen. Eg likar å fylgje råvarene på heile reisa, frå frøet blir sådd eller lammet blir fødd, og heilt fram til middagsbordet.
Det kan sjølvsagt ha ein samanheng med at eg er vaksen opp på ein gard, men aller mest trur eg det er fordi at eg har levd så tett på dei gamle mattradisjonane. Desse tradisjonane handlar om meir enn oppskrifter og gode smakar. Dei handlar og om sjølvberging og om gjere seg nytte av alle etelege delar av råvara. I dag talar me om å redusere matsvinn og om berekraft. For meg handler det om ein grunnleggjande respekt for råvara og for dei som har produsert han.
Det er og knytt mange flotte opplevingar til det å skaffe råvarene sjølv, enten det er å dyrke grønsaker, plukke sopp og bær eller å jakte på reinsdyr.
Gomes gamle oppskriftsbøker gav meg ein ide om å lage ei moderne kokebok om dei gamle matskattane frå Setesdal. Eg vart besett av ein tanke om å løfte dei fram og formidle dei på ein måte som gjorde at dei kunne treffe eit stort publikum. Tradisjonar må brukast for at dei ikkje skal døy. Det er derfor viktig for meg å formidle og lære vekk, og på den måten bidra til at kulturen får leve vidare.
Eg jobba i mange år med å tilegne med kunnskap om det gamle matstellet og fundera på korleis eg kunne sørgje for att dei fekk eit nytt liv. Målet mitt var å gjeve ute ei kokebok om dei gamle mattradisjonane frå Setesdal, men det var ein lang prosess og eg kom ikkje vidare før eg i 2013 møtte Trond Moi og Rune Andersen.
I 2015 ga me ut kokeboka eg hadde drøymt om i mange år, og me var og så heldige at me fekk lage TV-serien Fjellmat. Først ein sesong og så ein til. Så vart det to sesonger av TV-serien Kystmat og endå ei kokebok.
Eg kjem nok aldri til å verte sjøsterk, men etter to år med innspeling av TV-serien Kystmat har eg lært meg å sette pris på kysten og havet. Naturen er vakker og råvarene er fantastiske. I dag lev eg eit liv der eg får det beste frå både fjell og kyst, og bygd og by. Eg delar tida mi mellom garden i Valle og leiligheita på brygga i Kristiansand, og trivst med det.
Det finns ikkje noko mer tilfredsstillande enn å lage eit måltid med råvarer som ikkje har vore innom butikken før dei havnar på kjøkkenbenken. Den lokale maten og matkulturen er ekte og usminka. Slakt er ein del av det. For meg er det noko av det mest naturlege som fins, så lenge avlivning skjer på ein human og forsvarleg måte.
© 2022 Systog Dale Produksjoner AS.
Alle rettigheter forbeholdes | Personvernregler Utviklet av webbyrået Marketin AS