Setesdal – den levande arven

Setesdal – den levande arven er eit varmt, nært og vakkert portrett av eventyrdalen i Agder. Vi blir kjende med særeigne kulturuttrykk, storslått natur og får høyre om underjordiske krefter, merkelege hendingar og gamle skikkar.

Dokumentarserien i tre episodar har premiere på NRK 1 tysdag 24. februar kl. 20.00 og utforskar dei rike og levande tradisjonane i Setesdal. Frå folkemusikk, handverk og mat, til dialekt, tru og skikkar. Serien er regissert av Kristian Landmark, med Margit Dale som programleiar og forteljarstemme.

I 2019 vart song, musikk og dans frå Setesdal innlemma på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv. Den nye TV-serien tek sjåarane med på ei kulturell oppdagingsreise i den segnomsuste dalen, der vi møter menneska som ber den unike kulturarven vidare.

DSCF3643

I serien møter vi sentrale kulturbærarar som Hallvard Bjørgum, Kirsten Bråten Berg, Daniel Sandén-Warg, Tor Espen Helle, og ei rekkje andre som held setesdalskulturen levande i dag.

– Setesdalskulturen er ikkje ein museumsgjenstand, men ein del av dagleglivet. Samstundes er han under press. For at han skal leve vidare, er det heilt avgjerande at tradisjonane slår rot i nye generasjonar, seier programleiar Margit Dale.

Margit Dale er frå Valle i Setesdal og er ein etablert formidlar av norsk matkultur og tradisjonar. Ho har delteke i fleire TV-seriar, har skrive fem bøker og er ein svært aktiv formidlar gjennom sosiale medium. I 2023 vart ho tildelt den prestisjetunge Ingrid Espelid Hovig-matkulturprisen for innsatsen sin med å ta vare på og formidle norsk matkultur.

Regissør og produsent Kristian Landmark står bak ei rekkje dokumentarar, spelefilmar og teaterproduksjonar. Arbeidet med serien starta i 2023, etter idé og initiativ frå Margit Dale.

– Med denne serien har vi forsøkt å skape eit varmt og levande portrett av Setesdal og menneska som bur der. Eg ønskjer å vise kor viktig det er å lytte til dei som lever med tradisjonane i dag, for å ta vare på ein særs viktig del av Noreg – og verda – si kulturarv, seier Landmark.

Setesdal – den levande arven er ein serie for alle som er nysgjerrige på norsk kulturarv, kva levande kultur eigentleg er – og korleis fortid og notid møtest gjennom menneska som framleis held tradisjonane i hevd.

Sjå Setesdal – den levande arven her.