Slik bakar ein lefser og brau

Det er gøy å bake, og eg trur det er mange som ville ha glede av å lære seg det. Ein treng heller ikkje så mykje utstyr. Det viktigaste utstyret er ei kjevle, ein fløyg (flat bakepinne), ei takke og eit godt underlag å bake på.

Sjølv har eg to gamle bakebord som har gjort nytta si på garden gjennom fleire generasjonar. Dei er fantastiske å bake på, men det er fullt mogleg å bake utan eit spesialbord. Dersom ein har eit bord i god høgde med eit underlag som ikkje er for glatt eller for grovt, så går det fint. Dessutan må ein ha ein einerkvist. Kvisten vert nytta til å sprute litt vatn over lefsa eller brauet når det steiker på takka. Dersom du ikkje får tak i ein einerkvist, kan du bruke ei sprayflaske

Når ein skal bake fyrste gongen, er det fint å ha nokon å lære av. Det er sjølvsagt ikkje umogleg å lære seg det på eiga hand, men det er mange teknikkar som det kan vere vanskeleg å lese seg til. Det er viktig å kome i hug at det er vanskeleg å bake, og ein må ikkje verte skuffa om det tek ein del tid før resultatet vert bra.

Når ein bakar lefser og brau, er det vanleg å vere to som bakar saman. Bakar nummer éin’ skal kna deigemnet, og det er viktig at det vert knadd lenge og godt. Det skal vere fint og heilt utan sprekkar. Dersom det er sprekkar, vert dei større og større etter kvart som ein bakar emnet ut, og dei veks ytterlegare når leiven vert steikt.

Når deigemnet er knadd tilstrekkeleg, kjevlar bakar nummer éin’ ut deigemnet og mettar leiven med mjøl til han er halvferdig. Så vert leiven send vidare til neste bakar. Då skal leiven kjevlast ferdig utan mjøl og steikast. Det er viktig at leiven er metta med mjøl før han vert send vidare til bakar nummer to, og at bakar nummer to ikkje nyttar mjøl når leiven vert kjevla ut. Ein må nemleg ikkje «mjølbake», som det heiter. Då vert ikkje resultatet godt.

 

Når ein kjevlar, er det viktig å ikkje trykke kjevla for hardt mot deigen. Kjevla skal rulle over i jamne drag så deigen vert jamt tynn.

Etter at bakar nummer to har kjevla ut leiven så han har ei rund og fin form på størrelse med takka, skal han steikast. Når ein flyttar leiven frå bakebordet og over på takka, må ein nytte fløygen. Ein stikk fløygen under deigen noko til høgre for midten. Så løftar ein høgre delen med fløygen, brettar han over mot venstre del, og rullar med fløygen mot høgre slik at leiven rullar seg rundt fløygen. Om lag ein firedel av leiven skal henge ned. Den delen som heng ned, legg ein på takka, slik at den sida som låg ned mot bordet, vender opp, og så rullar ein fløygen mot venstre til heile leiven ligg flat på takka.

Når deigen steiker, må ein sprute litt vatn på han. Dette gjer leiven blank og festar mjølet som er på leiven. Både lefser og brau skal vere godt steikt på båe sider med tydelege brune flekker. Når leiven er steikt ferdig på den eine sida, må ein snu han med fløygen. Då stikk ein fløygen under leiven og snur han med ei rask vending.

Når leiven er ferdig steikt, vert lefser og brau handtert ulikt. Dei ferdig steikte braua vert bretta på midten, og så vert dei lagde lagvis oppå kvarandre. Mange lagrar brau i pappkassar. Banankassar har ein størrelse som passar perfekt. Brauet held seg godt lenge om det vert oppbevart tørt.

Lefsene vert ikkje bretta, men berre lagde lagvis oppå kvarandre etter steiking. Når ein er ferdig med å steike lefser, må ein velje om ein ønskjer å tørke dei eller fryse dei. Før vart lefsene tørka, men i dag er det meir praktisk å fryse dei. For å få plass i frysen og unngå at dei knekk, er det lurt å brette dei til ein firkant. Først brettar ein to av sidene mot midten og over kvarandre, så lefsa får ei lang rektangelform. Så brettar ein båe kortsidene inn mot midten og over kvarandre, så lefsa får ei kvadratform. Pakk inn ønskt tal lefser i frysefolie og legg dei i frysen.

Dersom du ønskjer å oppbevare lefsene tørre, er det viktig å legge dei luftig. Du må snu dei nokre gonger dei første dagane så dei ikkje myglar. Når lefsene er tørre, kan dei oppbevarast lenge om dei ligg lagra tørt.

Mine beste oppskrifter på takkebakst

Oppskrifter

Brau

Du treng: 1 kg fint sammale kveitemjøl 2 nevar fint rugmjøl 2 nevar fint byggmjøl ca. 1 l vatn Slik gjer du: Varm opp vatnet

Les meir
Oppskrifter

Lefse

Lefser er obligatorisk tilbehøyr til ein rekke tradisjonsrettar som til dømes setesdalssuppe, nepespa og gomb, men kan og serverast til kaffien med sukker og smør.

Les meir
Oppskrifter

Eplekaker (potetkaker)

Eplekaker er supergodt som tilbehør til setesdalssupe eller servert som egen rett med smør, rømme og litt tyttebærsyltetøy.

Les meir