Vurdering

5
(2)

Brau

Du treng:

  • 1 kg fint sammale kveitemjøl

  • 2 nevar fint rugmjøl

  • 2 nevar fint byggmjøl

  • ca. 1 l vatn

Slik gjer du:

Varm opp vatnet til den høgste temperaturen du kan tole å ha handa oppi. Ha mjølet i ein bolle og hell vatnet over. Bruk hendene og bland til ein deig. Del deigen i emne på 110 –120 gram. Er deigen klissete, har du i litt meir mjøl.

Kna det første deigemnet til det er rundt og fint. Ha ein neve fint sammale kveitemjøl under og over emnet og kjevl ut til det er så stort at det dekker takka. Kjevl rett fram og drei leiven ofte slik at han får ei rund form. Ikkje snu leiven undervegs, men løft han ofte opp og drei han rundt med fløygen når du kjevlar. Ha litt mjøl under så deigen ikkje festar seg. Brauet skal vere jamt og så tynt som mogleg.

Bruk fløygen til å flytte brauet over på takka og steik brauet godt på høg varme.

Når brauet er lagt på takka, dynkar du det med vatn med ein einerkvist eller ei sprayflaske. Steik det godt på begge sider.

Brett dei ferdig steikte braua på midten og legg dei lagvis oppå kvarandre.

«Denne oppskrifta gjev ca. 20 brauleivar!» 

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 5 / 5. Antall stemmer: 2

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter