Vurdering

4.2
(333)

Lefse

Lefser er obligatorisk tilbehøyr til ein rekke tradisjonsrettar som til dømes setesdalssuppe, nepespa og gomb, men kan og serverast til kaffien med sukker og smør.

Du treng: 

  • 2 kg poteter
  • 1 dl smelta smør
  • ca. 200 g kveitemjøl (tilpass mengda etter behov)

 

Slik gjer du:

Kok potetene. Skrell dei, avkjøl og mal dei i ei kjøkkenkvern.

Kna inn smøret. Bland inn mjøl, litt etter litt. Del deigen i to. Deigen blir blaut når han ligg ei stund, og då må du kna inn meir mjøl – derfor er det greitt å dele deigen i to først.

Bak den første delen. Kna deigen godt. Del deigen i emne på 180 gram. Kna godt deigemnet, og ta ein neve mjøl under og over emnet. Kjevl emnet ut så det blir like stort som takka. lkkje snu lefsa, men løft henne ofte opp med fløygen og drei henne rundt. Ha litt mjøl under så deigen ikkje festar seg. Kjevl lefsa rett fram og drei henne ofte, så vert ho rund og fin.

Bruk fløygen til å flytte lefsa. Steik lefsa på middels varme på takka. Dynk lefsa med vatn når ho er lagd på takka. Bruk ein einerkvast som du dyppar i vatn, eller ei sprayflaske. Steik lefsa på begge sider. Snu ho når ho har fått brune flekkar på undersida.

Før du skal bake den andre delen, må du kna inn litt meir mjøl. Legg lefsene lagvis oppå kvarandre etter steiking. Før vart lefsene tørka, men i dag er det mest praktisk å fryse dei. Brett lefsene saman, og pakk dei i frysefolie.

Lefsene må bløytast opp før dei skal etast. Hald ei og ei lefse under rennande vatn på begge sider. La dei ligge lagvis med eit kjøkkenhandkle mellom kvar lefse i ca. 10 minutt.

«Herlege lefser!»

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 4.2 / 5. Antall stemmer: 333

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter