Vurdering

4.2
(60)

Cæsarsalat

Cæsarsalat er ein klassiker. Dressingen vart opphaveleg laga med ansjosfiletar, men eg har droppa det. Rett og slett fordi eg synest han vert betre utan. Men smaken er ulik, og om du ønskjer, så kan du ha eit par ansjosfiletar oppi dressingen medan du køyrer han med ein stavmiksar.

Du treng:

  • 700 g kyllingfilet
  • 2 ss olje
  • 100 g spekeskinke
  • 2 stk. romanosalat (eller hjartesalat)
  • 200 g loff utan skorpe
  • 2 ss smør

 

Dressing
  • 2 eggeplommer
  • 1,5 dl olivenolje
  • 130 g parmesan
  • ½ sitron
  • 1 ts dijonsennep
  • 2 ts soyasaus
  • 1 fedd kvitlauk
  • ½ ts pepar
  • salt etter smak

Slik gjer du:

Steik kyllingfiletane i olje i ei panne.

Skjer loffen i terningar, og steik på svak varme med smør til terningane vert sprø og gylne.

Vask og kutt salaten i passelege bitar.

Skjer spekeskinka i bitar og sprøsteik henne i ei panne.

Lag dressingen. Pisk 2 eggeplommer med stavmiksar i behaldaren eller bruk ein visp. Spe med olje medan du vispar. Ha så i finraspa parmesan, sitronsaft, finhakka kvitlauk, dijonsennep, soyasaus og pepar. Rør det godt saman. Smak til med salt.

Legg salaten på ein tallerken og ha over dressingen. Skjer kyllingfiletane i passelege skiver. Legg kyllingskivene og brødkrutongane på salaten, og ha på den sprøsteikte spekeskinka til slutt.

«Min beste oppskrift på cæsarsalat!»

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 4.2 / 5. Antall stemmer: 60

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter