Du treng:
- 1 salta og røykt svineknoke
- vatn til det dekker svineknoken
Ertestuing:
- 350 g tørka gule erter
- 4,5 dl vatn
- 1 lita potet
- 1 liten lauk
- 40 g smør
Lauksaus:
- 30 g smør
- 25 g mjøl
- 4 dl kraft
- 40 g lauk
- 1 ss eddik 7 % klar
- 1 ss sukker
- salt og pepar etter smak
Slik gjør du:
Legg ertene i bløyt over natta.
Kok opp svineknoken. Tøm ut vatnet og ha i nytt vatn. Kok opp på nytt, og lat det koke i minst 2 timar.
Lag ertestuing. Skyl ertene som har lege i bløyt over natta. Finhakk lauken og skrell poteta. Kok ertene i ein kjele med vatn saman med lauken og poteta. Kok i 1 –1 1/2 time. Når det er kokt ferdig, har du i smøret, og mosar det til ei stuing. Smak til med salt og pepar.
Lag lauksausen. Finhakk lauken. Smelt smøret i ei gryte, og pisk inn mjøl. Spe med litt og litt kraft frå vatnet som svineknoken har kokt i, mens du rører til ein klumpfri saus. Ha i hakka lauk, sukker og eddik. Kok i fem minutt og smak til med salt og pepar.
Skjer kjøtet frå svineknoken. Ha kjøt, ertestuing og lauksaus på tallerkenen og server med kokte poteter.