Vurdering

4
(19)

Gnocchi i form

Italienske potetgnocchi er supergodt. Gnocchi vert laga i mange variantar, men eg har aldri smaka nokon som slår denne. Dette er ein av min absolutte favorittretter!

Du treng:

  • 3 ss olivenolje
  • 1 raudlauk
  • 2 kvitlaukfedd
  • ½ ts tørka estragon
  • 1 boks hermetiske tomatar 
  • 250 g mascarpone eller kremost naturell
  • 30 g soltørka tomatar
  • 1 ts salt
 
Topping:
  • 150 g kvitost
  • 150 g ljost brød
  • 100 g spekeskinke
 
Gnocchi:
  • 1 kg poteter med skal
  • 180 g mjøl
  • 2 eggeplommer

Slik gjer du:

Lag sausen. Ha 2 ss olivenolje i ei panne. Skjer lauken i fine ringar og finhakk kvitlauken. Steik dette på låg varme i 3 minutt. Ha i estragon og bland saman.

Ha hermetiske tomatar, mascarponeost og soltørka tomatar i ein foodprosessor. Bruk kniven, og køyr til ein jamn saus utan klumpar. Bland saman oste- og tomatblandinga og den steikte lauken. Ha i 1 ts salt.

Lag gnocchi. Ha vaska poteter med skalet på i ein kasserolle med salta vatn, og kok til dei vert møre. Hell av vatnet. Skrell potetene medan dei framleis er varme.

Press potetene med ei potetpresse eller mal dei med ei kvern. Dryss mjøl på bordet og velt ut potetmassen. Lag ei fordjuping i midten av potetmassen og ha i eggeplomme og mjøl. Bland deigen gradvis saman med hendene.

Kna deigen og ha i litt meir mjøl medan du knar til du har ein smidig deig.

Rull deigen til pølser på ca. 2 cm i diameter. Bruk ein kniv og kutt av bitar med ca. 2,5 centimeter breidde. Rull over kvar bit med ein gaffel samtidig som du trykker lett ned på han. Dette gjev gnocchien struktur og gjer at han lettare absorberer sausen.

Kok gnocchien i ein stor kjele med ca. 6 l lettsalta vatn Det er viktig å ikkje ha for mange gnocchi i kjelen samtidig. Då kan dei klistre seg saman.

Gnocchien er ferdig når dei flyt opp til overflata etter 2–3 minutts koketid.

Legg den kokte gnocchien i botnen av ei eldfast form og hell sausen over. Riv brødet i ganske store bitar (ca. 2 x 2 cm). Riv osten med ei rasp. Legg brød og ost på toppen av forma. Riv spekeskinka i passelege bitar og fordel på toppen. Gratiner i steikeomn på 180 grader i 25 minutt.

«Herleg italiensk-inspirert rett!»

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 4 / 5. Antall stemmer: 19

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter