Brødpudding

Vurdering

4.7
(17)

Du treng:

  • 200 g brød
  • 1 vaniljestong
  • ½ ts kardemomme
  • 1 ts kanel
  • 5 dl mjølk
  • 50 g smør
  • 3 egg
  • 60 g sukker

 

Slik gjer du:

Smør ei eldfast form. Skjer brødet i firkantar og legg dei i forma. Splitt vaniljestonga og skrap ut frøa. Rør krydderet og vaniljefrøa ut i mjølka. Hell mjølka over brødet, lat det trekke i 20 minutt.

Smelt smøret og hell det over brødet. Skil egga og pisk plommene med sukkeret. Hell det over brødet og bland det lett inn. Stivpisk kvitane, og vend dei lett inn brødblandinga.

Legg steikepapir over forma. Då vert ikkje skorpa så hard under steiking. Steik midt i omnen på 180 grader i ca. 40 minutt.

«Dette retten er ein super måte å redusere matsvinn på, og det er ikkje berre tørt brød du kan gje nytt liv. Alle slag gjærbakst fungerer fint.»

Hva synes du om denne oppskriften?

Klikk på en stjerne for å rangere den!

Gjennomsnittlig rangering 4.7 / 5. Antall stemmer: 17

Ingen stemmer så langt! Bli den første til å rangere oppskriften.

Populære oppskrifter akkurat nå​