Kyllingsalat med grilla tomatdressing

Vurdering

0
(0)

Du treng:

  • 800 g kyllingfilet
  • ½ ts salt
Marinade: 
  • 1 kvast rosmarin
  • 4 ss rapsolje
  • 3 kvitlaukfedd
  • 1 ts honning
Dressing:
  • 5 tomatar
  • 1 paprika
  • 1 ts salt
  • 1 ts pepar
  • 5 kvitlaukfedd
  • 8 ss olivenolje
  • 1 ts eddik 7% klar
  • 2 ss hakka koriander
Salat:
  • 200 g salat
  • 2 raudbetar
  • 1 raudlauk
  • 1 kokt maiskolbe
  • 60 g erter
  • 100 g fetaost
  • salt etter smak

Slik gjør du:

Lag marinaden. Hakk kvitlauken og bland han med olje, honning og rosmarin. legg kyllingen i marinaden og lat han ligge minst 1 time i kjøleskåpet.

Lag dressingen. Del tomatane og paprikaen i to. Behald skalet på kvitlauken. legg tomatane, paprikaen og heile kvitlaukfedd på ein grill. Du kan eventuelt ha dei i ei eldfast form og grille dei i steikeomnen på 200 grader i ca. 1 time.

Fjern skalet på kvitlauken og køyr dei grilla grønsakene og kvitlauken i ein foodprosessor saman med olje, salt, pepar og eddik. Køyr det i 3–4 minutt til ein heilt jamn masse. Finhakk koriander og ha i til slutt. Er dressingen litt tynn, kan du koke han til han vert tjukkare.

Skrell og del raudbetane i bitar. legg dei i ei eldfast form og ha over litt olje. Ha steikefolie over forma. Bak dei i omnen i ca. 30 minutt på 200 grader.

Del opp salaten og skjer raudlauken i tynne skiver. Skrap maisen av kolben. Bland saman alle grønsakene til salaten i ein bolle.

Grill kyllingfiletane eller steik dei i panna. Ha på salt og skjer filetane i skiver når dei er ferdig steikte.

Ha salat på tallerkenen, legg på skiver av kyllingfilet og smuldre fetaost på toppen. Ha over litt salt. Server med dressing.

«Nydeleg sommarsalat!»

Hva synes du om denne oppskriften?

Klikk på en stjerne for å rangere den!

Gjennomsnittlig rangering 0 / 5. Antall stemmer: 0

Ingen stemmer så langt! Bli den første til å rangere oppskriften.

Populære oppskrifter akkurat nå​