Du treng:
- 4 lammeskankar
- 2 ss smør
- 1 lauk
- ½ sellerirot
- 3 gulrøter
- ½ purre
- ¼ kålrot
- 3 laurbærblad
- 2 dl vatn
- 2 dl raudvin
- 3 ss tomatpure
- salt og pepar etter smak
Slik gjer du:
Brun skankane godt i ei steikepanne med smør. Legg dei så over i ei djup eldfast form. Kutt grønsakene og ha dei i forma.
Bland tomatpureen saman med vatn og raudvin, og hell det over i forma. Dryss over salt og pepar, og legg i laurbærblada. Legg steikefolie over forma, og steik på 200 grader i 2-3 timar. Ta av steikefolien og steik forma i ca. 20 minutt til.
Server med potet- og sellerirotmos.