Nypesuppe

Det er haust og tid for nyper! Den oransje-røde frukten på nypebuska er proppfull av C vitaminer og gode antioksidantar. Heilt fra barndommen av har nypesuppe vore ein av mine favorittrettar. Nypesuppe er godt, sunt og enkelt å lage - og passar perfekt ein kald haustkveld. Prøv denne oppskrifta og lag nyepsuppe i dag du og!

Vurdering

4.4
(58)

Du treng:

  • 400 g nyper (ureinska)
  • 1,3 l vatn
  • 80 g sukker
  • 2 ss sitronsaft
  • 2 ts potetmjøl
  • 4 ss kaldt vatn

Slik gjer du:

Fjern stilken og det grøne frå nypene. La frøa vere i. Vask nypene.

Kok nypene i vatn i ca. 30 minutt. Ta opp nypene av kjelen. Ikkje hell ut kokevatnet. Press nypene gjennom ein sil til ein puré.

Sil eventuelt kokevatnet viss det har kome litt rusk i det. Ha pureen i kokevatnet, ha i sukker og kok opp.

Løys opp potetmjøl i kaldt vatn og ha det i suppa. Kok i 2 minutt. Skvis over sitronsaft, og suppa er ferdig.

Dette skal gje ca. 1,2 l suppe. Dersom det dampar vekk mykje vatn medan det koker, kan du etterfylle med vatn. Kan serverast varm eller kald, og gjerne med ein klatt rømme eller litt fløyte.

«Nypesuppe er perfekt ein kald haustkveld!»

Hva synes du om denne oppskriften?

Klikk på en stjerne for å rangere den!

Gjennomsnittlig rangering 4.4 / 5. Antall stemmer: 58

Ingen stemmer så langt! Bli den første til å rangere oppskriften.

Populære oppskrifter akkurat nå​