Prim

Vurdering

0
(0)

Du treng:

  • 4 l myse
  • 3 ss sukker
  •  ½ dl fløyte 

Slik gjer du:

Myse er den blanke væska som vert att når du lagar kvitost og ostemassen er teken vekk. Denne oppskrifta gjev ca. 3 dl ferdig prim.

Bruk ei aluminiumsgryte eller ein koparkjele. Kok mysa utan lok på svak varme i ca. 6 timar. Når mysa byrjar å tjukne, må du røre godt, så ho ikkje svir seg. Når ho er så tjukk at du kan dra sleiva gjennom primen og han deler seg, er han ferdig.

Ha i sukker og kok nokre minutt. Ha i fløyten og kok til han er passeleg tjukk. Det tek ca. 10 minutt. Ha primen over i eit glas med lok og avkjøl.

 Primen er haldbar i kjøleskåpet i minst 14 dagar. 

«Heimelaga prim er supergodt!»

Hva synes du om denne oppskriften?

Klikk på en stjerne for å rangere den!

Gjennomsnittlig rangering 0 / 5. Antall stemmer: 0

Ingen stemmer så langt! Bli den første til å rangere oppskriften.

Populære oppskrifter akkurat nå​