Steikte byggryn med grønsaker og kylling

Vurdering

4.1
(31)

Du treng:

  • 2,5 dl byggryn
  • 300 g kyllingbryst
  • 2 ss soyasaus
  • 50 g sukkererter
  • 1 gulrot
  • 50 g purre
  • 1 lauk
  • 2 kvitlaukfedd
  • 3 egg
  • salt og pepar etter smak
  • olje til steiking

Slik gjør du:

Legg byggryna i bløyt over natta. Skyl av vatnet i ein sil og kok dei i vatn i ca. 12 minutt til dei er mjuke. lat byggryna renne frå seg i ein sil.

Skjer kyllingen i bitar. Mariner han i soyasaus i minst 15 minutt. Imens kuttar du grønsakene i små bitar og finhakkar lauk og kvitlauk.

Ha olje i ei steikepanne og ha i egga. Rør litt rundt mens dei steiker til bitar. Ta eggbitane ut av steikepanna og legg dei på ein tallerken. Fres finhakka lauk og kvitlauk i same panna. Ha i kyllingen og steik til han er gjennomsteikt.

Ha gulrot, purre og sukkererter i panna og steik i ca. 3 minutt til. Ha så i byggryna. Til slutt har du i eggbitane og blandar alt godt saman. Smak til med salt og pepar

 Server med søt chilisaus eller oppkutta chili. 

«Steikte byggryn er super godt!»

Hva synes du om denne oppskriften?

Klikk på en stjerne for å rangere den!

Gjennomsnittlig rangering 4.1 / 5. Antall stemmer: 31

Ingen stemmer så langt! Bli den første til å rangere oppskriften.

Populære oppskrifter akkurat nå​