Du treng:
- 1,5 kg poteter
- 2 ts salt
- 110 g byggmjøl eller sikta kveitemjøl
Slik gjer du:
Skrell potetene og kok dei godt. Dersom du nyttar nypoteter med tynt skal, treng du ikkje skrelle dei. Hell av vatnet og stamp dei i den varme kjelen.
Ha i salt og stamp det godt inn i potetmassen. Ha i litt og litt mjøl medan du stampar.
Lat potetmassen koke 5–10 minutt, medan du stampar. Når potetmassen er fast, seig og utan klumpar, er han ferdig.
Server med smør og eventuelt sukker. Kald mjølk passar godt å drikke til.