Du treng:
- 150 g blåbær
- 50 g sukker
- 3 gelatinplater
- 5 dl kremfløyte
Topping:
- 100 g blåbær
- 25 g sukker
- 1 ss honning
Slik gjer du:
Kok sukker og blåbær i ein kjele i ca. 10-12 minutt. Ha gelatinplatene i kaldt vatn i ein bolle i ca. 10 minutt. Ha så fløyten i kjelen og kok nokre minutt. Ta kjelen av plata.
Klem vatnet ut av gelatinplatene og ha dei i kjelen. Rør godt til dei er oppløyste.
Hell fløytepuddingen i fine glas eller former, og lat dei stå i kjøleskåpet i minst 4 timar.
Så lagar du blåbærsyltetøy til topping. Kok blåbær og sukker i 1 minutt og avkjøl. Rør inn honning. Hell dette over rett før servering eller når fløytepuddingen har vorte stiv.
Server fløytepuddingen i glaset eller forma han er i, eller på ein desserttallerken. Dersom du vil servere på tallerken, held du formene i kokande vatn i ca. 15 sekund og kvelvar dei. Då er det lettare å få puddingen ut av forma.