Du treng:
- 1 heil høne
- vatn til det dekker
- 1 ½ ts salt per liter vatn
- 1 lauk
- 3 gulrøter
- 150 g purre
- 200 g sellerirot
- 2 kvastar timian
Saus:
- 65 g smør
- 75 g kveitemjøl
- 1 l kokekraft frå høna
- 2 dl fløyte
- salt og pepar etter smak
Slik gjer du:
Del høna opp i serveringsstykke. Ha ho i ein kjele og fyll på med vatn til det dekker. Ha salt i vatnet og lat det koke ca. 3 timer under lok. Ta vekk skummet som samlar seg på toppen, med ei skei.
Del gulrøter og purre i ½ cm tjukke ringar, lauken i båtar og sellerirota i små terningar. Ta opp høna og sil krafta.
Smelt smøret i ein kjele og visp inn kveitemjølet. Bruk 1 liter av krafta som høna har kokt i, og spe med litt og litt i smør- ogmjølblandinga mens du rører til ein klumpfri saus.
Ha grønsakene i sausen og kok i ca. 5 minutt. Ha i fløyten og kok i nye 5 minutt. Dersom sausen vert for tjukk, ha i meir kraft. Smaktil sausen med salt og pepar. Legg i timiankvastane. Ha i kjøtet og kok nokre minutt til.
Dersom du ønskjer ein frikasse som er litt spicy, kan du rive over frisk peparrot etter smak. Ha på finhakka frisk persille og server med kokte poteter.