Du treng:
- 5 dl heilmjølk
- 250 g smør
- 250 g sukker
- 250 g rosiner
- 50 g fersk gjær
- 1 kg sikta kveitemjøl
- 1 ts kardemomme
- safta frå ½ sitron
- 50 g sukat
Slik gjer du:
Varm heilmjølka og smelt smøret i kvar sin kjele. Tak kjelane av varmen. Hell det smelta smøret over i kjelen med heilmjølk. Ha i sukker og rosiner. Dette gjer at rosinene sveller litt.
Ha i kardemomme og sitronsaft. Sitronsafta fremmar kardemommesmaken. Når væska held ca. 36 grader, smuldrar du i gjæren og rører til han er oppløyst. Ha i kveitemjøl og sukat.
Kna deigen godt og hev han til dobbel størrelse under plast eller eit klede. Del deigen i fire emne. Bak dei som store runde bollar. Bruk ein kvass kniv og skjer rundt kanten av deigemna ca. 3 cm frå botnen. Slå knyttneven ned midt i deigemna. Dette gjev jolekaka ei fin form, og ho sprekk kontrollert under steiking.
Hev ca. 30 minutt. Pensle med egg eller råmjølk og set kakene i omnen. Steik dei midt i omnen på 220 grader i 20–25 minutt.
«Nydeleg jolekake!»