Du treng:
- 4 lammekotelettar
Marinade:
- 5 fedd kvitlauk
- 1 lauk
- 4 ss østerssaus
- 2 ss fiskesaus
- 4 ss soyasaus
- 1 ts pepar
- 2 ss olje
- 2 ss honning
- 1 chili
- 2 ts sukker
Saus:
- 5 ss fiskesaus
- 10 ss vatn
- 3 fedd kvitlauk
- safta frå 1 lime
- 1 chili
- 1 ts sukker
Slik gjer du:
Lag marinaden. Finhakk kvitlauk og lauk og bland det godt saman med dei andre ingrediensane. La kotelettane ligge i marinaden i minst 3 timar.
Lag sausen. Finhakk chili og kvitlauk, og bland det saman med dei andre ingrediensane. Rør godt saman og la sausen stå i romtemperatur i ca.
1 time til sukkeret har løyst seg opp.
Steik kotelettane i olje i varm panne. Server med ris, den gode sausen og eventuelt ein salat.
«Norsk lam med eksotiske smakar!»
