Du treng:
- 400 g nyper (ureinska)
- 1,3 l vatn
- 80 g sukker
- 2 ss sitronsaft
- 2 ts potetmjøl
- 4 ss kaldt vatn
Slik gjer du:
Fjern stilken og det grøne frå nypene. La frøa vere i. Vask nypene.
Kok nypene i vatn i ca. 30 minutt. Ta opp nypene av kjelen. Ikkje hell ut kokevatnet. Press nypene gjennom ein sil til ein puré.
Sil eventuelt kokevatnet viss det har kome litt rusk i det. Ha pureen i kokevatnet, ha i sukker og kok opp.
Løys opp potetmjøl i kaldt vatn og ha det i suppa. Kok i 2 minutt. Skvis over sitronsaft, og suppa er ferdig.
Dette skal gje ca. 1,2 l suppe. Dersom det dampar vekk mykje vatn medan det koker, kan du etterfylle med vatn. Kan serverast varm eller kald, og gjerne med ein klatt rømme eller litt fløyte.
«Nypesuppe er perfekt ein kald haustkveld!»
