Ny bok fra Margit Dale
Setesdal – Kulinariske skattar og levande tradisjonar inneheld nærare 90 oppskrifter og er fylt til randen med kunnskap og historie.
Ny bok fra Margit Dale
Setesdal – Kulinariske skattar og levande tradisjonar inneheld nærare 90 oppskrifter og er fylt til randen med kunnskap og historie.
Du treng:
- 5 dl seterrjome
- 2 dl sikta kveitemjøl
- 5 dl heilmjølk
- 1 ts salt
Slik gjer du:
Kok rjomen under lok i ca. 2 minutt. Ha i halvparten av mjølet og rør kraftig. Du vil sjå at smøret piplar fram. Bruk ei skei, skum av smøret og ha det i ein kopp.
Rør inn resten av mjølet og spe med heilmjølka. Lat grauten koke i fem minutt. Rør av og til. Smak til med salt.
Server med sukker, kanel og smøret du har i koppen. Det passar òg godt med brau og spekemat, eller brau og rjome til.