Vurdering

4.7
(36)

Semulepudding

Du treng:

  • 1 l mjølk
  • 90 g semulegryn
  • 4 ss sukker
  • 50 g skålda mandlar
Raud saus:
  • 400 g frosne bringebær
  • ½ dl sukker
  • ½ dl vatn

Slik gjer du:

Lag semulepudding. Skåld mandlane ved å ha dei i kokande vatn i ca. 5 minutt, då losnar skalet. Ta av skalet og legg mandlane til side.

Kok opp mjølk og ha i gryna, rør godt. La det småkoke under lok i 15 minutt. Ha i sukker og hakka mandlar og rør dette inn. Ha grauten i porsjonsformer eller i ein stor bolle. Strø litt sukker på toppen og dekk han til med plast slik at det ikkje vert skorpe på puddingen. Kvelv han ut når han er kald.

Lag raud saus. Kok opp vatn og sukker. Ha i bæra og kok i ca. 2 minutt. Hell bærmassen over i ein sil og press han gjennom silen med ein slikkepott. Kast frøa. Sett sausen til avkjøling. Synest du sausen er for tynn, rører du ut ½ ts potetmjøl i 2 matskeier kaldt vatn og har i sausen. Gje så sausen eit oppkok og sett til avkjøling.

Server puddingen med den raude sausen og eventuelt friske bær.

«Klassisk  semulepudding!»

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 4.7 / 5. Antall stemmer: 36

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter