Du treng:
- 500 g viltkjøtdeig
- 1 ts salt
- 1 ss byggmjøl
- 1 egg
- 1,5 dl fløyte
Saus:
- 90 g smør
- 60 g sikta kveitemjøl
- 7 dl kraft
- 1 dl seterrjome
- 3 skiver geitost
- 1 ss ripsgelé
- 1 ts salt
Ertestuing:
- 4 dl grøne tørka erter
- 5 dl vatn
- 1 ss smør
- 1 ts sukker
- 1 ts salt
- 1 ts eddik
Slik gjer du:
Romtemperer kjøtdeigen og væska. Kna saltet godt inn i deigen og ha i byggmjøl og egg. Bland det godt saman og spe med fløyten.
Ha litt vatn på hendene og på ei skei, slik at deigen ikkje klistrar seg. Lag ca. 10 runde og fine kjøtkaker.
Steik kjøtkakene i smør på ganske god varme og lat dei ettersteike på svakare varme til dei er gjennomsteikte.
Lag sausen. Smelt smør i ein kjele og ha i mjøl. Brun det på middels varme til det er nøttebrunt. Rør godt heile tida. Spe med kraft medan du rører. Kok i fem minutt og ha i resten av ingrediensane.
Lag ertestuing. Legg erter i bløyt i kaldt vatn over natta. Hell av vatnet og ha ertene i ein kjele med 5 dl vatn. Kok under lok i ca. 1,5 timar. Rør av og til og etterfyll med vatn dersom det koker tørt. Når ertene har kokt ferdig, har du i smør, salt, sukker og eddik. Ha i litt vatn dersom ertestuinga er for tjukk.
Server med kokte poteter og tytebærsyltetøy.