Vårt daglege brød

Brødet har ei historie som strekkjer seg heilt tilbake til oldtidas Egypt, og ingrediensane har meir elle mindre vore dei same sidan då: mjøl, vatn, salt og gjær. Korleis kan noko så enkelt smake så godt Heimebaka er sunt og billig No er det vel kanskje ikkje alle brød som smakar like godt. Fabrikkbrødet ein […]
Plukk og sylt! Me har lange og gode tradisjonar for å sylte bær, frukt og grønsaker her i landet. For mange av oss har nok sylting eit visst nostalgisk preg. Ein hugsar kanskje tilbake til då bestemor eller mor trylla sesongens bær om til det beste syltetøyet i verda. Slik er det i alle fall […]
Slik får du perfekt kjøt!
Ferskt og friskt kjøt er eit godt utgangpunkt for eit fantastisk måltid, men sjølv med eit optimalt utgangspunkt er det nokre faktorar ein må kome i hug. Her fin du gode råd og tips til eit perfekt kjøtmåltid! Mørning Dei fleste kjøtdelane må mørnast tilstrekkeleg før dei vert nytta som mat. Kjøt skal som hovudregel […]
Slik bakar ein lefser og brau

Det er gøy å bake, og eg trur det er mange som ville ha glede av å lære seg det. Ein treng heller ikkje så mykje utstyr. Det viktigaste utstyret er ei kjevle, ein fløyg (flat bakepinne), ei takke og eit godt underlag å bake på. Sjølv har eg to gamle bakebord som har gjort […]
Jol i Setesdal Naturen ligg i sin djupaste søvn under snø og is. Desemberdagane er stutte, og sjølv når sola skin på himmelen, ligg mørket som ei kald påminning i skuggane. Den store kvite stilla pakkar dagen hurtig bort. Men inne, bak frostdekte stogeglas, er det varme og ljos. Det er jol. Jól er det […]
Slik røyker du kjøt

Under heile oppveksten åt me mykje røykt lammekjøt heime. Det var gofa og far min som røykte kjøtet me åt. No har eg teke over tradisjonen Tradisjonane knytte til kva slags type ved ein nyttar, kor ofte ein fyrer, og kor lenge ein røyker kjøtet, kan variere frå gard til gard. Dette er slik eg har […]
Den gode mjølka

Utdrag frå boka Setesdal – Kulinariske skattar og levande tradisjonar Frå dei første gardane i Setesdal vart rydda, og gjennom hundreåra som følgde, var gardsfolket sjølvforsynte med mat. Dei levde av det garden kasta av seg, og dei la ned eit stort arbeid i å sikre matforrådet som skulle brødfø dei gjennom vinteren. Det var […]
Setesdal – Kulinariske skattar og levande tradisjonar

Margit Dale er klar med ei ny bok om dei sterke, særmerkte og gamle, men høgst levande mattradisjonane frå Setesdal. For å kunne forstå dei fullt ut må du kjenne historia, levesettet, naturen og kulturen i dalen. Difor finn du ikkje berre oppskrifter med mengder og framgangsmåtar, men ein brei presentasjon av alt det som gjer at Setesdal er Setesdal.
Heilt naturleg

Det er berre eitt år sidan Margit Dale gav ut kokeboka Heimelaga – Oppskrifter og kvardagsglede frå Margits kjøkken. Boka vart ein stor suksess og snart er Margit klar med oppfølgjaren. Naturleg – Enkle matoppskrifter og jordnære gleder kjem til bokhandlaren i midten av mars, og me har tala med Margit for å få vite meir.